Kategoriarkiv: Ukategorisert

Nokre av teleleskopa og utstyret på Kometland

Med ein speildiameter på 0.77 meter f/4.5 er dette store dobsonian teleskopet Norges største. Teleskopet er bygd i England, medan primærspeilet (av typen lette Sandwich) kjent for sin  optiske kvalitet, ytelse og termiske likevekt. Primær og sekunderspeilet er produsert og levert av firmaet Hubble Optics i Hong Kong.

Det massive teleskopet brukar Argo Navis go-to for å navigere fram på stjernehimmelen.

Mirror Box og speilholdaren sett bakfrå

Bilda viser eit Celestron 6 tommar f/5 speil teleskop på ei eldre alta-azimuth montering med variabel hastigheit dual axis handkontroll. Monteringa som framleis fungerar fint, vart bygd på 1990-talet av Astro Mekanik i Danmark.

Stjernehimmelen fotografert frå Kometland

Desse to galaksane Messier 81/82 NGC 3031 og NGC 3034 i Ursa Major (Store Bjørn) er blant favorittane på nattehimmelen hos mange amatør astronomar. Eit teleskop viser begge galaksane i same synsfeltet, som er ei fryd å observere. Spiralgalaksen M 81 (Bodes galakse) er litt mindre enn vår Melkevei, med ein diameter på omlag 90 000 lysår. Avstanden til M 81/82 er omlag 12 millionar lysår. Den avlange galaksen M 82 kjent som sigar galaksen på grunn av sin form, har ein diameter på 25 000 lysår. Begge er eit av finaste galakse-par vi kan observere på nattehimmelen. Den visuelle lysstyrken til M81 er 6.77 magnitude og 8.02 for M82.

C/2025 A6 (Lemmon) fotografert frå Kometland. Bildet vart tatt klokka 20.12 den 17. oktober undet litt disige forhold. Foto: Kometland/Knut B. Aarseth

Spiral galaksen M51 NGC 5194/95 i stjernebildet Jakthundane (Canis Venatici) er kjent for sin tydelige spiralstruktur. M 51 er ein av dei mest observerte og fotograferte galaksane blant amatørastronomane, som har ei tilsynelatande lysstyrke på 8.4 mag. Avstanden til M51 er omlag 25 millionar lysår – eller 10 gonger så langt unna som galaksen M 31 NGC 224 i stjernebildet Andromeda.

Den store spiralgalaksen Messier 31 (NGC 224) i stjernebildet Andromeda, er den nærmaste galaksen. M31 befinn seg i ein avstand på 2.5 millionar lysår. På klare netter utan sjenerande månelys, kan vi sjå den med det blotte auget, som er eit flott syn i eit teleskop. Messier31 som har nesten dobbelt så stor masse som vår eigen galakse Melkeveien, inneheld omlag 10 milliarder stjerner, er den største av dei nærmaste galaksane, som utgjer den lokale gruppa av galaksar. Messier 31 (NGC 224) har fleire mindre dverg-galaksar. Ein av dei er med på dette bildet M32 (NGC 221) som vi ser som ei stor diffus «stjerne» nede til høgre på bildet.

Kulehopen M92 (NGC 6341) som ligg i den nordlige delen av stjernebildet Herkules, vert ofte oversett av amatørastronomane på grunn av sin nærheit til kulehopen M13. Sjølv om M92 er litt lyssvakare med 6.4 mag visuelt og litt mindre med ein diameter på 14 bogeminutt, er den eit flott objekt å observere. M92 er ei av dei eldste kulehopane (globular cluster) med ein alder på omlag 15 milliarder år.

Messier 27 (NGC 6853) planetarisk tåke i stjernebildet Vulpecula (Reven) fotografert frå Kometland. M 27 er eit populært objekt i amatørteleskoper. Den visuelle lysstyrken er på +7.4 magnitude. M 27 er mest kjent som Eplekjærnetåka eller Dumbelltåka. Avstanden er omlag 1360 lysår.

NGC 457 kjent som Uglehopa på grunn  av to lyssterke stjerner som forestiller dei to augene til «ugla» Der av navnet Uglehopa. NGC 457 er ei opa stjernehop i Cassiopeia. Avstanden er 7020 lysår og den visuelle lysstyrken er +6.4 mag. Uglehopa er rik på stjerner som kan observerast sjølv i små teleskop.

Folkevandring til Kometland

I helga som var (lørdag og søndag) hadde Kometland besøk av elleve personar på kveldstid. Vi observerte ei rekke objekt med anna ringplaneten Saturn. Sjølv om ringsystemet er i ferd med å lukke seg heilt noko som vil skje i november, var Saturn eit høgdepunkt i fylje dei besøkande desse dagane.

Måneformørkinga den 7. september Dette bildet vart tatt klokka 21.14 etter at totaliteten var over.

Ei gruppe amerikanarar var på besøk på Kometland i juli.

Ei gruppe besøkandr frå Ulsteinvik

Over 70 personar besøkte Kometland på kveldstid i februar for å sjå planeten Jupiter og andre flotte objekt på stjernehimmelen.

Kometland har ofte besøk av folk frå store deler av Sunnmøre når det er stjerneklart og gode observasjons forhold.

Det var mange som tok bilde av stjernebildet Orion med mobiltelefonen

Stjernebildet Orion fotografert frå Kometland med mobiltelefon. Legg merke til stjerna Sirius som kliver Rosethornet. Sirius eller Hundestjerna som ho kallast, er vinterhimmelens klaraste stjerne, og ei av dei nærmaste stjernene med ein avstand på 8.4 lysår.  Bildet som er tatt i februar 2025 viser litt av Volda sentrum i forgrunnen.

Foto: Kometland

Venus og Månen fotografert den 1. februar 2025 med mobiltelefon på ein overskya himmel. Eksponeringstid: 1/6 sek. ISO 125.

Solformørkinga fotografert frå Kometland

Det var dårlige observasjonsforhold under den partielle solformørkinga sett frå Kometland i dag. Knapt nok ei opning i skylaget var å sjå så lenge som solformørkinga varte.  I tillegg regna det heile tida som medførte dogg problemer på telelinsa. Men, underteikna fekk no teke eit bilde mot slutten av solformørkinga. Visuelt var det eit spektakulært syn å kunne observere formørkinga teleskopisk omkring maksimal fase då nymånen dekte omlag 38% av solskiva, den korte stunda det varte.

Meir om dette på Kometland si facebook-side.

Samstilling mellom dei to lyssterke planetane Venus og Jupiter på vesthimmelen, då dei var nærast kvarandre. Avstanden mellom dei var omtrent ei halv grad. Eit spektakulært syn ! Bildet er tatt den 1. mars 2022 frå Kometland.

Jupiter og Saturn lavt på kveldshimmelen i sør fotografert for nokre år sidan frå Kometland. Bildet er frå 2021.

Solsystemet største planet Jupiter og dei fite største månane er eit flott syn I eit astronomisk teleskop.

Dette bildet vart tatt den 5. april på Kometland, då ei gruppe frå Ørsta og Stranda var på besøk. Bildet viser nokre av dei ved eit 70mm teleskop som vi brukte til å observere Månen med.

Godt fornøgde etter ein fin stjernekveld på Kometland. Bildet er tatt den 1. januar 2025.

Foto: Kometland

Silhuetten av ein besøkande observerer den opne stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren (Taurus) gjennom eit 16 tommar  stort teleskop på Kometland.

Planeten Jupiter og månane, og den imponerande Dobbelthopen var nokre av høgdepunkta for mange besøkane på Kometland, under besøket i januar og februar 2025.

Ein av dei besøkande i ferd med å observere den vakre stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren. Pleiadane kjent på folkemunne som  Sjustjernene, er ei av dei nærmaste opne stjernehopane. Avstanden er omlag 420 lysår.

Foto: Kometland tatt i februar 2025.

Ein observatør (besøkande) observerer stjernehimmelen gjennom eit 16″ f/4.5 Meade Ligh Bridge dobson teleskop.

Besøkande på Kometland på kveldstid den 22. mars 2025.

Informasjon senteret Kometland

Eigar og drivar av Astronomisenteret Kometland, har utgitt ei ny bok. Boka som har tittelen Eldsjela på Kometland, kan ein lese om det omfattande arbeidet Knut B. Aatseth har utført gjennom fleire tiår for å ferdigstille dette imponerande senteret. I boka for ein innsyn om korleis han fekk intressa for astronomien og dei tildelingane han har fått for sitt arbeide for astronomien. Sentalt i boka står oppdaginga av han gjorde i novembet 1989, av den første norske kometoppdaginga på 50 år, som har fått ein btei plass i boka. Og mykje meir som forfattaren har opplevd nasjonalt og av internasjonale hendingar.  Eldsjela på Kometland er ei bok for folk flest med mange bildet på 140 sider og som er engasjerande god lesning. har elles mykje interessant stoff, som absolutt er verdt å kjøpe. Boka er skriven på nynorsk. Eldsjela på Kometland er å få kjøpt hos Norli bokhandel i Volda, kan også bestillast ved å søke opp boka på http://www.norli.no

Ei 5 stjerners bok

Astronomisenteret Kometland er ein spennande og populær stad som har mange besøkande både sommar og vinter. Kometland som ligger like nord for Volda sentrum, har fleire observatorium og terrasser. I tillegg til mykje informativ skiltning. Her kan dei besøkande på eigahand studere og lære om Månen, Sola, planetar, stjerner og stjernebilder og galaksar. Nyttig vegvisar og informasjon for alle interesserte om verdsromet.

Det er ikkje berre når det er stjerneklart at folk besøker Kometland. Men også i den lyse årstida er det mange som besøker Astronomisenteret Kometland.