Kometland er eit informasjonsenter som er ope for astronomi-interesserte og skuleklasser på dagtid og kveldstid. Her kan ein lære om Månen, planetar, kometar, Sola, stjerner, Melkeveien og andre galaksar i universet på store laminerte informative skilt. På Kometland kan ein også sjå Norges største teleskop og ei rekke andre teleskop. Kometland har ope frå klokka 19.00.-23.00 på stjerneklare kveldar for dei som vil observere stjernehimmelen. Ta kontakt på førehand telefon 48124646 for avtale om observasjonstid.
Med ein speildiameter på 0.77 meter f/4.5 er dette store dobsonian teleskopet Norges største. Teleskopet er bygd i England, medan primærspeilet (av typen lette Sandwich) kjent for sin optiske kvalitet, ytelse og termisk likevekt. Primær og sekunderspeilet er produsert og levert av firmaet Hubble Optics i Hong Kong.
Det massive teleskopet brukar Argo Navis go-to for å navigere fram på stjernehimmelen.
Mirror Box og speilholdaren sett bakfrå
Bilda viser eit Celestron 6 tommar f/5 speil teleskop på ei eldre alta-azimuth montering med variabel hastigheit dual axis handkontroll. Monteringa som framleis fungerar fint, vart bygd på 1990-talet av Astro Mekanik i Danmark.
Acuter Elite Phoenix sol teleskop
Dei tre bilda viser mitt nyinnkjøpte 40 H-alpha for observasjon av Sola i hydrogen lys. Teleskopet gjer det mulig å observete protuberansar, solflekkar og andre fenomen som strukturar i solatmosfæren. Protuberansar er raudlysande gass som hevar seg utover solranda, men også som mørke tråd lignande bånd (filament) mot den lysare solskiva. For besøkande på Kometland som skuleklasser og turistar, er observasjonar av kva som skjer på dvergstjerna vår i den lyse årstida, både spennande og intressant. Slike observasjonar er med på å skape heilårs-drift på Kometland.
M 65 og 66 i stjernebildet Løva (Leo)NGC 457 Uglehopen i stjernebildet Cassiopeia.NGC 5907 spiralgalakse i stjernebildet Draken (Draco)Betelgeuse kjempestjerne i stjernebildet Orion.M 1 Krabbetåka i stjernebildet Tyren (Taurus)M 42 Oriontåka i stjernebildet OrionCapella i stjernebildet Kusken (Auriga)M 81 og 82 galakser i stjernebildet Store Bjørn (Ursa Major)M 51 galakse i stjernebildet Jakthundane ( Canis Venatici)M 31 Galakse i stjernebildet AndomedaM 33 galakse i stjernebildet Triangelet (Triangelum)NGC 457 open stjernehop i stjernebildet CassiopeiaM 27 planetarisk tåke i stjernebildet Reven (Vulpecula)Månen 3 dagar gamal veksande månefase.M 35 open stjerneklynge i stjernebildet Tvillingane (Gemini)
Stjernebildet Orion og Sirius fotografert frå Kometland med mobiltelefon ei vinternatt
I sommar hadde Astronomisenteret Kometland besøk av ein del turistar som var på ferie her i landet. Dei var imponert over dette informative sentetet, med informasjon om alt frå Månen, planetane i solsystemet vårt, Sola, kometar, galaksar osv.
Komet informasjon over ei rekke kjente kometar dei siste åra m.a. C/1999w1 (Aarseth-Brewington)Turistar på omvisning. I bakgrunnen 30 tommar teleskopet
Mange klare stjerne kveldar i vinter
Det er ikkje kvart år vi har så mange klare stjerneklare kveldar og netter, som dei siste vekene. Det fine men kalde vinterveret har vart heilt sidan byrjinga av januar og fram til midten av februar når dette skrivast, med sol og ingen nedbør ! Faktisk må vi fleire.år tilbake for å finne noko lignande her på Sunmøre, noko som har ført til at veldig mange har valfarta til Kometland frå heile regionen vår. Så og seie kvar einaste klare kveld har det vore folk her.
Måneformørkinga den 7. september Dette bildet vart tatt klokka 21.14 etter at totaliteten var over.
Ei gruppe amerikanarar var på besøk på Kometland i juli.
Ei gruppe besøkandr frå Ulsteinvik
Over 70 personar besøkte Kometland på kveldstid i februar for å sjå planeten Jupiter og andre flotte objekt på stjernehimmelen.
Det er mange som tek bilde av Orion og andre objekt med mobilen
Stjernebildet Orion fotografert frå Kometland med mobiltelefon. Legg merke til stjerna Sirius som kliver Rosethornet. Sirius eller Hundestjerna som ho kallast, er vinterhimmelens klaraste stjerne, og ei av dei nærmaste stjernene med ein avstand på 8.4 lysår. Bildet som er tatt i februar 2025 viser litt av Volda sentrum i forgrunnen.
Foto: Kometland
Venus og Månen fotografert den 1. februar 2025 med mobiltelefon på ein overskya himmel.
Solformørkinga fotografert frå Kometland
Det var dårlige observasjonsforhold under den partielle solformørkinga sett frå Kometland i dag. Knapt nok ei opning i skylaget var å sjå så lenge som solformørkinga varte. I tillegg regna det heile tida som medførte dogg problemer på telelinsa. Men, underteikna fekk no teke eit bilde mot slutten av solformørkinga. Visuelt var det eit spektakulært syn å kunne observere formørkinga teleskopisk omkring maksimal fase då nymånen dekte omlag 38% av solskiva, den korte stunda det varte.
Samstilling mellom dei to lyssterke planetane Venus og Jupiter på vesthimmelen, då dei var nærast kvarandre. Avstanden mellom dei var omtrent ei halv grad. Eit spektakulært syn ! Bildet er tatt den 1. mars 2022 frå Kometland.
Jupiter og Saturn lavt på kveldshimmelen i sør fotografert for nokre år sidan frå Kometland. Bildet er frå 2021.
Solsystemet største planet Jupiter og dei fite største månane er eit flott syn I eit astronomisk teleskop.
Dette bildet vart tatt den 5. april på Kometland, då ei gruppe frå Ørsta og Stranda var på besøk. Bildet viser nokre av dei ved eit 70mm teleskop som vi brukte til å observere Månen med.
Godt fornøgde etter ein fin stjernekveld på Kometland. Bildet er tatt den 1. januar 2025.
Foto: Kometland
Silhuetten av ein besøkande observerer den opne stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren (Taurus) gjennom eit 16 tommar stort teleskop på Kometland.
Planeten Jupiter og månane, og den imponerande Dobbelthopen var nokre av høgdepunkta for mange besøkane på Kometland, under besøket i januar og februar 2025.
Ein av dei besøkande i ferd med å observere den vakre stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren. Pleiadane kjent på folkemunne som Sjustjernene, er ei av dei nærmaste opne stjernehopane. Avstanden er omlag 420 lysår.
Foto: Kometland tatt i februar 2025.
Ein observatør (besøkande) observerer stjernehimmelen gjennom eit 16″ f/4.5 Meade Ligh Bridge dobson teleskop.
Besøkande på Kometland på kveldstid den 22. mars 2025.
Eigar og drivar av Astronomisenteret Kometland, har utgitt ei ny bok. Boka som har tittelen Eldsjela på Kometland, kan ein lese om det omfattande arbeidet Knut B. Aatseth har utført gjennom fleire tiår for å ferdigstille dette imponerande senteret. I boka for ein innsyn om korleis han fekk intressa for astronomien og dei tildelingane han har fått for sitt arbeide for astronomien. Sentalt i boka står oppdaginga av han gjorde i novembet 1989, av den første norske kometoppdaginga på 50 år, som har fått ein btei plass i boka. Og mykje meir som forfattaren har opplevd nasjonalt og av internasjonale hendingar. Eldsjela på Kometland er ei bok for folk flest med mange bildet på 140 sider og som er engasjerande god lesning. har elles mykje interessant stoff, som absolutt er verdt å kjøpe. Boka er skriven på nynorsk. Eldsjela på Kometland er å få kjøpt hos Norli bokhandel i Volda, kan også bestillast ved å søke opp boka på http://www.norli.no
Ei 5 stjerners bok
Astronomisenteret Kometland er ein spennande og populær stad som har mange besøkande både sommar og vinter. Kometland som ligger like nord for Volda sentrum, har fleire observatorium og terrasser. I tillegg til mykje informativ skiltning. Her kan dei besøkande på eigahand studere og lære om Månen, Sola, planetar, stjerner og stjernebilder og galaksar. Nyttig vegvisar og informasjon for alle interesserte om verdsromet.
Det er ikkje berre når det er stjerneklart at folk besøker Kometland. Men også i den lyse årstida er det mange som besøker Astronomisenteret Kometland.