Folkevandring til Kometland

Turistar og andre besøkande på Kometland

I sommar hadde Astronomisenteret Kometland besøk av ein del turistar som var på ferie her i landet. Dei var imponert over dette informative sentetet, med informasjon om alt frå Månen, planetane i solsystemet vårt, Sola, kometar, galaksar osv.

Komet informasjon over ei rekke kjente kometar dei siste åra m.a. C/1999w1 (Aarseth-Brewington)

Turistar på omvisning. I bakgrunnen 30 tommar teleskopet

Mange klare stjerne kveldar i vinter

Det er ikkje kvart år vi har så mange klare stjerneklare kveldar og netter, som dei siste vekene. Det fine men kalde vinterveret har vart heilt sidan byrjinga av januar og fram til midten av februar når dette skrivast, med sol og ingen nedbør ! Faktisk må vi fleire.år tilbake for å finne noko lignande her på Sunmøre, noko som har ført til at veldig mange har valfarta til Kometland frå heile regionen vår. Så og seie kvar einaste klare kveld har det vore folk her.

Måneformørkinga den 7. september Dette bildet vart tatt klokka 21.14 etter at totaliteten var over.

Ei gruppe amerikanarar var på besøk på Kometland i juli.

Ei gruppe besøkandr frå Ulsteinvik

Over 70 personar besøkte Kometland på kveldstid i februar for å sjå planeten Jupiter og andre flotte objekt på stjernehimmelen.

Det er mange som tek bilde av Orion og andre objekt med mobilen

Stjernebildet Orion fotografert frå Kometland med mobiltelefon. Legg merke til stjerna Sirius som kliver Rosethornet. Sirius eller Hundestjerna som ho kallast, er vinterhimmelens klaraste stjerne, og ei av dei nærmaste stjernene med ein avstand på 8.4 lysår.  Bildet som er tatt i februar 2025 viser litt av Volda sentrum i forgrunnen.

Foto: Kometland

Venus og Månen fotografert den 1. februar 2025 med mobiltelefon på ein overskya himmel.

Solformørkinga fotografert frå Kometland

Det var dårlige observasjonsforhold under den partielle solformørkinga sett frå Kometland i dag. Knapt nok ei opning i skylaget var å sjå så lenge som solformørkinga varte.  I tillegg regna det heile tida som medførte dogg problemer på telelinsa. Men, underteikna fekk no teke eit bilde mot slutten av solformørkinga. Visuelt var det eit spektakulært syn å kunne observere formørkinga teleskopisk omkring maksimal fase då nymånen dekte omlag 38% av solskiva, den korte stunda det varte.

Samstilling mellom dei to lyssterke planetane Venus og Jupiter på vesthimmelen, då dei var nærast kvarandre. Avstanden mellom dei var omtrent ei halv grad. Eit spektakulært syn ! Bildet er tatt den 1. mars 2022 frå Kometland.

Jupiter og Saturn lavt på kveldshimmelen i sør fotografert for nokre år sidan frå Kometland. Bildet er frå 2021.

Solsystemet største planet Jupiter og dei fite største månane er eit flott syn I eit astronomisk teleskop.

Dette bildet vart tatt den 5. april på Kometland, då ei gruppe frå Ørsta og Stranda var på besøk. Bildet viser nokre av dei ved eit 70mm teleskop som vi brukte til å observere Månen med.

Godt fornøgde etter ein fin stjernekveld på Kometland. Bildet er tatt den 1. januar 2025.

Foto: Kometland

Silhuetten av ein besøkande observerer den opne stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren (Taurus) gjennom eit 16 tommar  stort teleskop på Kometland.

Planeten Jupiter og månane, og den imponerande Dobbelthopen var nokre av høgdepunkta for mange besøkane på Kometland, under besøket i januar og februar 2025.

Ein av dei besøkande i ferd med å observere den vakre stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren. Pleiadane kjent på folkemunne som  Sjustjernene, er ei av dei nærmaste opne stjernehopane. Avstanden er omlag 420 lysår.

Foto: Kometland tatt i februar 2025.

Ein observatør (besøkande) observerer stjernehimmelen gjennom eit 16″ f/4.5 Meade Ligh Bridge dobson teleskop.

Besøkande på Kometland på kveldstid den 22. mars 2025.

Leave a Reply