Nokre av teleskopa på Kometland

Med ein speildiameter på 0.77 meter f/4.5 er dette store dobsonian teleskopet Norges største. Teleskopet er bygd i England, medan primærspeilet (av typen lette Sandwich) kjent for sin  optiske kvalitet, ytelse og termisk likevekt. Primær og sekunderspeilet er produsert og levert av firmaet Hubble Optics i Hong Kong.

Det massive teleskopet brukar Argo Navis go-to for å navigere fram på stjernehimmelen.

Mirror Box og speilholdaren sett bakfrå

Bilda viser eit Celestron 6 tommar f/5 speil teleskop på ei eldre alta-azimuth montering med variabel hastigheit dual axis handkontroll. Monteringa som framleis fungerar fint, vart bygd på 1990-talet av Astro Mekanik i Danmark.

   Acuter Elite Phoenix sol teleskop

Dei tre bilda viser mitt nyinnkjøpte 40 H-alpha for observasjon av Sola i hydrogen lys. Teleskopet gjer det mulig å observete protuberansar, solflekkar og andre fenomen som strukturar i solatmosfæren. Protuberansar er raudlysande gass som hevar seg utover solranda, men også som mørke tråd lignande bånd (filament) mot den lysare solskiva. For besøkande på Kometland som skuleklasser og  turistar, er observasjonar av kva som skjer på dvergstjerna vår i den lyse årstida, både spennande og intressant. Slike observasjonar er med på å skape heilårs-drift på Kometland.

Leave a Reply