
Desse to galaksane Messier 81/82 NGC 3031 og NGC 3034 i Ursa Major (Store Bjørn) er blant favorittane på nattehimmelen hos mange amatør astronomar. Eit teleskop viser begge galaksane i same synsfeltet, som er ei fryd å observere. Spiralgalaksen M 81 (Bodes galakse) er litt mindre enn vår Melkevei, med ein diameter på omlag 90 000 lysår. Avstanden til M 81/82 er omlag 12 millionar lysår. Den avlange galaksen M 82 kjent som sigar galaksen på grunn av sin form, har ein diameter på 25 000 lysår. Begge er eit av finaste galakse-par vi kan observere på nattehimmelen. Den visuelle lysstyrken til M81 er 6.77 magnitude og 8.02 for M82.

C/2025 A6 (Lemmon) fotografert frå Kometland. Bildet vart tatt klokka 20.12 den 17. oktober undet litt disige forhold. Foto: Kometland/Knut B. Aarseth

Spiral galaksen M51 NGC 5194/95 i stjernebildet Jakthundane (Canis Venatici) er kjent for sin tydelige spiralstruktur. M 51 er ein av dei mest observerte og fotograferte galaksane blant amatørastronomane, som har ei tilsynelatande lysstyrke på 8.4 mag. Avstanden til M51 er omlag 25 millionar lysår – eller 10 gonger så langt unna som galaksen M 31 NGC 224 i stjernebildet Andromeda.

Den store spiralgalaksen Messier 31 (NGC 224) i stjernebildet Andromeda, er den nærmaste galaksen. M31 befinn seg i ein avstand på 2.5 millionar lysår. På klare netter utan sjenerande månelys, kan vi sjå den med det blotte auget, som er eit flott syn i eit teleskop. Messier31 som har nesten dobbelt så stor masse som vår eigen galakse Melkeveien, inneheld omlag 10 milliarder stjerner, er den største av dei nærmaste galaksane, som utgjer den lokale gruppa av galaksar. Messier 31 (NGC 224) har fleire mindre dverg-galaksar. Ein av dei er med på dette bildet M32 (NGC 221) som vi ser som ei stor diffus «stjerne» nede til høgre på bildet.

Kulehopen M92 (NGC 6341) som ligg i den nordlige delen av stjernebildet Herkules, vert ofte oversett av amatørastronomane på grunn av sin nærheit til kulehopen M13. Sjølv om M92 er litt lyssvakare med 6.4 mag visuelt og litt mindre med ein diameter på 14 bogeminutt, er den eit flott objekt å observere. M92 er ei av dei eldste kulehopane (globular cluster) med ein alder på omlag 15 milliarder år.

Messier 27 (NGC 6853) planetarisk tåke i stjernebildet Vulpecula (Reven) fotografert frå Kometland. M 27 er eit populært objekt i amatørteleskoper. Den visuelle lysstyrken er på +7.4 magnitude. M 27 er mest kjent som Eplekjærnetåka eller Dumbelltåka. Avstanden er omlag 1360 lysår.

NGC 457 kjent som Uglehopa på grunn av to lyssterke stjerner som forestiller dei to augene til «ugla» Der av navnet Uglehopa. NGC 457 er ei opa stjernehop i Cassiopeia. Avstanden er 7020 lysår og den visuelle lysstyrken er +6.4 mag. Uglehopa er rik på stjerner som kan observerast sjølv i små teleskop.