
I helga som var (lørdag og søndag) hadde Kometland besøk av elleve personar på kveldstid. Vi observerte ei rekke objekt med anna ringplaneten Saturn. Sjølv om ringsystemet er i ferd med å lukke seg heilt noko som vil skje i november, var Saturn eit høgdepunkt i fylje dei besøkande desse dagane.

Måneformørkinga den 7. september Dette bildet vart tatt klokka 21.14 etter at totaliteten var over.

Ei gruppe amerikanarar var på besøk på Kometland i juli.



Ei gruppe besøkandr frå Ulsteinvik
Over 70 personar besøkte Kometland på kveldstid i februar for å sjå planeten Jupiter og andre flotte objekt på stjernehimmelen.

Kometland har ofte besøk av folk frå store deler av Sunnmøre når det er stjerneklart og gode observasjons forhold.

Det var mange som tok bilde av stjernebildet Orion med mobiltelefonen

Stjernebildet Orion fotografert frå Kometland med mobiltelefon. Legg merke til stjerna Sirius som kliver Rosethornet. Sirius eller Hundestjerna som ho kallast, er vinterhimmelens klaraste stjerne, og ei av dei nærmaste stjernene med ein avstand på 8.4 lysår. Bildet som er tatt i februar 2025 viser litt av Volda sentrum i forgrunnen.
Foto: Kometland

Venus og Månen fotografert den 1. februar 2025 med mobiltelefon på ein overskya himmel. Eksponeringstid: 1/6 sek. ISO 125.

Det var dårlige observasjonsforhold under den partielle solformørkinga sett frå Kometland i dag. Knapt nok ei opning i skylaget var å sjå så lenge som solformørkinga varte. I tillegg regna det heile tida som medførte dogg problemer på telelinsa. Men, underteikna fekk no teke eit bilde mot slutten av solformørkinga. Visuelt var det eit spektakulært syn å kunne observere formørkinga teleskopisk omkring maksimal fase då nymånen dekte omlag 38% av solskiva, den korte stunda det varte.
Meir om dette på Kometland si facebook-side.

Samstilling mellom dei to lyssterke planetane Venus og Jupiter på vesthimmelen, då dei var nærast kvarandre. Avstanden mellom dei var omtrent ei halv grad. Eit spektakulært syn ! Bildet er tatt den 1. mars 2022 frå Kometland.

Jupiter og Saturn lavt på kveldshimmelen i sør fotografert for nokre år sidan frå Kometland. Bildet er frå 2021.

Solsystemet største planet Jupiter og dei fite største månane er eit flott syn I eit astronomisk teleskop.

Dette bildet vart tatt den 5. april på Kometland, då ei gruppe frå Ørsta og Stranda var på besøk. Bildet viser nokre av dei ved eit 70mm teleskop som vi brukte til å observere Månen med.

Godt fornøgde etter ein fin stjernekveld på Kometland. Bildet er tatt den 1. januar 2025.
Foto: Kometland



Silhuetten av ein besøkande observerer den opne stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren (Taurus) gjennom eit 16 tommar stort teleskop på Kometland.



Planeten Jupiter og månane, og den imponerande Dobbelthopen var nokre av høgdepunkta for mange besøkane på Kometland, under besøket i januar og februar 2025.

Ein av dei besøkande i ferd med å observere den vakre stjerneklynga Pleiadane i stjernebildet Tyren. Pleiadane kjent på folkemunne som Sjustjernene, er ei av dei nærmaste opne stjernehopane. Avstanden er omlag 420 lysår.
Foto: Kometland tatt i februar 2025.

Ein observatør (besøkande) observerer stjernehimmelen gjennom eit 16″ f/4.5 Meade Ligh Bridge dobson teleskop.


Besøkande på Kometland på kveldstid den 22. mars 2025.